Kort fortalt

Mindre bruk av lusemiddel

Har gått ned sidan 2015.

21.02.2019
NPK-NTB: Laksenæringa kutta bruken av legemiddel mot lus i fjor, ifølgje Sjømat Noreg. Sidan 2015 er bruken av slike stoff kraftig redusert.
Bruk av legemiddel kalla kitinsyntesehemmarar, som påverkar evna lusa har til å skifte skal, gjekk ned med 25 prosent i 2018. Det vart òg brukt 20 prosent mindre hydrogenperoksid.
Sidan 2015 er bruken av dei to typane lakselusmiddel redusert med høvesvis 90 og 80 prosent, ifølgje interesseorganisasjonen.
Lusetala i fjor var totalt sett lågare eller på same nivå som året før, men det er nokre skilnader. I Midt-Noreg og på Vestlandet var det ein auke i lusenivåa på ettersommaren og hausten, men auken var liten i forhold til tidlegare år, ifølgje Sjømat Noreg.
Fagsjef i organisasjonen Ketil Rykhus seier det er motiverande å sjå resultata av tiltaka mot lakselus.
– Havbruksbedriftene blir stadig flinkare til å halde låge nivå og nyttar mekaniske metodar og bruk av reinsefisk framfor legemiddel. Men det er framleis mogleg å bli betre, samtidig som vi må ha fokus på fiskevelferda og reduksjon i døyinga. Vi må heile tida jakte på forbetringar i alle delar av produksjonen, seier Rykhus.
I staden for å bruke legemiddel, nyttar oppdrettsnæringa meir og meir mekaniske metodar for å få bukt med lusa. Desse er likevel skadelege for fisken og er ei viktig årsak til at mykje fisk døyr, påpeika Veterinærinstituttet i fiskehelserapporten sin i fjor.

Publisert: 21.02.2019 12:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35