Kort fortalt

Mindre forbruksgjeld - meir inkasso

Det viser ferske tal frå Norsk Gjeldsinformasjon.

03.05.2021

Talet på inkassosaker knytt til forbruksgjeld auka med 1 prosent i fjor. Men forbruksgjelda blir stadig lågare blant nordmenn, viser nye tal.

Ferske tal frå Norsk Gjeldsinformasjon viser at forbruksgjelda blant nordmenn held fram den nedovergåande trenden. Ved inngangen til mai var den usikra gjelda på 152,4 milliardar kroner, mot 152,9 milliardar i starten av april.

I januar i fjor var talet 175,8 milliardar kroner.

– Vi har fleire gonger påpeika at innføringa av gjeldsregistera 1. juli 2019 har vore ein viktig faktor, sidan det gir bankane høve til å gjere ei betre kredittvurdering av søkjarane, seier Gry Nergård, forbrukarpolitisk direktør i Finans Norge.

Ho er glad for at regjeringa har signalisert ei utviding av gjeldsregistera, slik at også pantsikra gjeld skal visast, ikkje berre usikra gjeld.

Derimot er det ikkje like gledeleg at rapporten frå Finanstilsynet om utviklinga i forbruksgjelda viser at talet på inkassosaker auka i 2020.

Ifølgje rapporten auka talet på inkassosaker knytt til forbruksgjeld med 1 prosent gjennom 2020. Eitt av tre forbrukslånskrav som gjekk til inkasso i fjor, dreidde seg om lån som var meir enn fem år gamle.

– Dette er altså lån som vart teke opp før styresmaktene sette i verk ulike tiltak for å regulere forbrukslånmarknaden, som gjeldsregistera. Men vi er likevel urolege for utviklinga, og derfor har vi påpeika behovet for ei ny og forbetra gjeldsordningslov. Vi er glade for at den snart kjem, seier Nergård.

Publisert: 03.05.2021 18:51

Sist oppdatert: 03.05.2021 18:52