Kort fortalt

Minusår for trafikkkskule

Kundane sette førarkortet på vent.

02.04.2024

Kombinasjonen av ei lite årskull av 18-åringar, kundar som utsette å ta førarkort i fjor og strengare fråversreglar i vidaregåande skule er årsaka til inntektsnedgang og underskotet i 2023 (sjå tabell), ifølgje Jan Bjørlo i Gloppen Trafikkskule.

Bjørlo er dagleg leiar og eigar av 60 prosent av aksjane i selskapet.

Gloppen Trafikkskule sysselsette 5,1 årsverk i fjor, og har halde på bemanninga trass inntekstsvikten i fjor.

Så langt i år ligg selskapet an til både inntektsauke og overskot, ifølgje Bjørlo. I år er årskullet av 18-åringar større enn i fjor og i tillegg har selskapet fått inn bestillingar frå utflytta 19 og 20-åringar som vil ta førarkort i heimkommunen i sommarferien.

Strengare fråversreglar i vidaregåande skule gjer at elevar i mindre grad tek fri frå undervisninga for å ta køyretimar, ifølgje Bjørlo. Det gjer at nokre av dei potensielle kundane då heller tek førarkort andre stadar i landet, etter at dei har flytta for å studere eller arbeide.

Gloppen Trafikkskule as

Tal i mill. kroner20232022

Driftsinntekt

3,54,2
Driftsresultat-0,4-0,2
Resultat før skatt-0,5-0,2

Publisert: 02.04.2024 10:16

Sist oppdatert: 02.04.2024 10:16