Kort fortalt

Mister bakkeoppdrag på Vigra

– Ein krevjande dag, uttaler Widerøe-selskap.

26.09.2023

(NPK-NTB): Widerøe mistar 80 prosent av kontrakten på leveranse av bakketenester til SAS frå 1. februar.

Dette gjeld Trondheim, Stavanger, Bodø, Haugesund, Kristiansund og Ålesund. Samtidig blir samarbeidet vidareført i Kirkenes, Alta, Svalbard, Evenes, Molde og Lakselv.

– Dette er ein krevjande dag for oss. Vi mistar kontrakten på viktige lufthamner med ein partnar vi har hatt eit langvarig samarbeid med. Det er litt overraskande at SAS flyttar ein så stor del av kontrakten, seier administrerande direktør Marius Myhre i Widerøe Ground Handling som har hovudkontor i Bodø.

Selskapet har hovudkontor i Bodø og har levert tenester til fleire nn 40 flyplassar rundt i landet.

– Vi opplever å ha strekt oss svært langt for å kunne vere konkurransedyktig, og derfor er vi både skuffa og lei oss. Eg er spesielt lei meg på vegner av alle dei dedikerte medarbeidarane våre som over mange år har levert tenester til SAS, og som no går nokre usikre veker i møte, seier han.

Publisert: 26.09.2023 13:20

Sist oppdatert: 20.10.2023 14:11

Mer om