Mister søvn av renter og prisauke
Det viser ny undersøking.
Auka renter og prisar går utover meir enn folks lommebok. Ei ny undersøking viser at ho også går på helsa laus – mange er så bekymra at dei mistar nattesøvnen.
Rentene stig. Det same gjer prisane på straum, mat og andre utgifter folk flest er avhengig av – og torsdag kjem sannsynlegvis Noregs Bank med meir dårleg nytt.
Då er det rentemøte, der spørsmålet er om det kjem ei enkel eller dobbel renteheving.
Ei ny undersøking Bank 2 har gjort, viser at alle rentehevingane og prisaukane ikkje berre går utover folks lommebok, men også går på helsa laus.
I undersøkinga kjem det fram at 60 prosent av dei spurde er litt eller veldig bekymra for auka renter og prisar – og at 25 prosent av desse opplever at bekymringane har gått utover nattesøvnen.
Det kjem også fram at over 20 prosent oppgir at dårleg økonomi har gått utover eigen psykisk helse.
Publisert: 21.06.2022 16:46
Sist oppdatert: 21.06.2022 16:47