Kort fortalt

Mjølkesal ned - brussal opp

Salsutviklinga skilt lag siste året.

NPK
23.08.2022

(NPK): Salet av brus aukar, og viser ingen teikn til å stanse. Salet av drikkemjølk går derimot ned etter ein auke under pandemien.

Det innanlandske salet av både drikkemjølk og brus auka under koronapandemien, men det siste året har salsutviklinga skilt lag, skriv Nationen.

Salet av drikkemjølk har ein samla nedgang frå 2019 til 2021 på nær 4 millionar liter eller 0,9 prosent, medan salet av brus har auka rundt 30 prosent eller 138 millionar liter frå 2019 til 2021, viser tal Nationen har henta inn frå Opplysningskontoret for Meieriprodukter og Bryggeri- og drikkevareforeningen.

Tala for inneverande år tydar på at trendane held fram. Salet av drikkemjølk var i første kvartal over 9 millionar liter lågare enn same kvartal året før, noko som er ein nedgang på rundt åtte prosent.

Salet av brus, som omfattar alle norske brusprodusentar, var i første halvår omtrent uendra frå same periode året før. Tala for juni, som er siste månaden Bryggeriforeininga har tal for, viser ein oppgang frå same månad i fjor.

(©NPK)

Publisert: 23.08.2022 11:11

Sist oppdatert: 23.08.2022 11:12

Mer om