Kort fortalt

Moderat vekst i industrien

Ferske SSB-tal.

07.11.2022

(NPK-NTB): Norsk industriproduksjon hadde ein vekst på 0,4 prosent i tredje kvartal, samanlikna med same kvartal året før.

Oppgangen kan særleg knytast til vekst i oljeraffinering, og dessutan kjemisk og farmasøytisk industri, opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB).

Frå andre til tredje kvartal var veksten på 2,8 prosent. Ifølgje SSB ser det ut til at den høge prisveksten på industriprodukt, no minkar.

Metallindustrien bidrog mest til å dempe veksten. Der var det ein nedgang på 16 prosent. Lågare prisar og nedgang i produksjon av metall kan forklare mykje av denne nedgangen, skriv SSB.

(©NPK)

Publisert: 07.11.2022 09:26

Sist oppdatert: 07.11.2022 11:10

Mer om