(NPK-NTB): Vel ei veke før fristen går ut for å levera skattemeldinga blir folk oppmoda om å sjekka om dei kan få kutt i restskatten.
Fristen for å levera årets skatteoppgjer går som vanleg ut 30. april. I år er gjennomsnittleg restskatt på 41.000 kroner, men fleire hundre tusen leverer oppgjeret utan ein gong å sjekka om det er grunnlag for å få redusert denne summen.
– Det er underleg og me i Skattebetalerforeningen forstår ikkje kvifor dette skjer. Kvart einaste år ser me at talet på skattebetalarar med restskatt blir redusert frå utsending til skatteoppgjeret er ferdig. Altså er det klokkeklart at det lønner seg å sjekka skattemeldinga, seier fagsjef Rolf Lothe i Skattebetalerforeningen i ei pressemelding tysdag morgon.
Erfaringane frå 2024 viser at 1,2 millionar skattebetalarar låg an til å få restskatt. Etter at skatteoppgjeret var ferdig var dette talet redusert til 840.000. Lothe minner òg folk om at det er mogleg å be om utsett leveringsfrist på skatteoppgjeret dersom det er grunnar for det.
– Fordelen er at alle blir innvilga utsetjing. Det er smart å be om dersom uventa hendingar eller uvisse om skattemeldinga gjer det vanskeleg, seier han.
(©NPK)
Publisert: 22.04.2025 14:23
Sist oppdatert: 22.04.2025 14:23





