Kort fortalt

Molde slår Ålesund på kultur

Gloppen, Ålesund og Eid er gode på kultur.

02.11.2016
(NPK - NETT NO): Verdsarvkommunen Røros tronar for femte året på rad på toppen av Telemarksforskings årlege kulturindeks.
På dei neste plassane kjem Trondheim, Ål i Hallingdal, Gloppen i Nordfjord og Lillehammer. Men Røros er som vanleg best på kultur.
– Det var ei heilt strålande nyheit. Det er som kultursjefen vår seier: Vi har kultur for kultur her på Røros, seier ordførar Hans Vintervold (Ap) i Røros kommune til .
er basert på analysar av kultursatsinga i alle dei 428 kommunane i Noreg. I år har Telemarksforskings òg prøvd å vekte kulturnivået ut frå føresetnadene. Dermed klatra vesle Verdal kommune, som klarer å få mykje kultur ut av lite, frå ein forventa 320.-plass til ein flott 29.-plass.
– Verdal har mange fleire besøkjande på museum enn det som er forventa. Dei har òg fleire besøk på kino enn det ein kan forvente, i tillegg til at dei har fleire utlån på biblioteket, for å nemne noko, seier forskar Gunn Kristin Aasen Leikvoll i Telemarksforsking til NRK.
I Møre og Romsdfal finn ein Molde på 10. plass. Ålesund er nummer 28, medan Herøy også er høgt oppe på 46. plass. På andre enden av skalaen finn ein Sula på 399. plass.
I Nordfjord finn ein Eid høgt oppe på 42. plass.

Publisert: 02.11.2016 11:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43