(NPK): Designarane i Moods of Norway samarbeider med skandinaviske forskarar for å kunne lage moteklede med refleks.
I høve den nasjonale refleksdagen 20. oktober har klesprodusenten laga ein prototype som allereie vekkjer oppsikt, skriv . Målet er å lage kle med refleks som er stilige nok til at folk vil bruke dei.
– Vi ynskjer å få fleire til å bruke refleks. Samstundes er refleks eit fantastisk designelement. Vi likar å overraske, og det kan vi til dei grader gjere med refleks, seier Moods of Norway-gründer Simen Staalnacke.
Noregs forskingsråd har støtta prosjektet med 11 millionar kroner. Moods samarbeider med Sintef og det svenske tekstilinstituttet Swerea IVF om å utvikle refleksplagga.
– Vi ynskjer å utvikle refleks på motebransjen sine premissar. Betra synlegheit i trafikken på veg heim frå fest er ein stor bonus, seier prosjektleiar og produktdesignar Tore Christian Storholmen i Sintef.
Arbeidet med utvikling av reflekstråden skal vere ferdig innan 2018, men det er

Publisert: 20.10.2016 11:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43