Kort fortalt

Morten Schakenda er død

Bakaren i Lom blei 55 år

16.03.2022

Morten Schakenda er død, 55 år gamal. Bakaren og kokken frå Gjerdsvika somna stille inn heime i Lom måndag, etter lengre tids sjukdom, skriv Nettavisen.

Schakenda har vore ope om at han var ramma av dødeleg lungekreft, og levde med sjukdommen ei årrekke.

Meisterkokk Arne Brimi seier han beundrar korleis sunnmøringen takla sjukdommen. Han rosar også satsinga til Schakenda på Lom.

– Han etterlet seg eit eksempel på kva som er mogleg å skape ute i distriktet når ein har pågangsmot og tru på det ein driv med, seier Brimi til nettavisa.

Publisert: 16.03.2022 14:43

Sist oppdatert: 16.03.2022 14:44