Kort fortalt

Mot dyrare bustadsal i distrikta

Lovendring kan gi prishopp.

06.12.2021

Når bustader frå nyttår ikkje lenger kan seljast «som han er», kan det bli særleg dyrt for bustadseljarar i distrikta, meiner jussprofessor.

Frå 1. januar 2022 skal det bli lettare for bustadkjøparar å krevje erstatning for skjulte feil og manglar ved ein bustad. Seljarane får på si side meir ansvar, mellom anna for å dokumentere tilstanden på bustaden.

– Dette er dramatiske endringar som inneber å flytte risikoen over frå kjøpar til seljar. Litt sett på spissen kan ein seie at det etter nyttår vil bli ein draum å vere bustadkjøpar og eit mareritt å vere bustadseljar, seier jussprofessor Harald Benestad Anderssen ved Handelshøyskolen BI til Nationen.

Anderssen trur dokumentasjonskrava kan bli særleg tunge å bere for folk som bur i distrikta, der det kan vere langt til næraste takstmann. For somme kan det bli vanskeleg å finne ein takstmann som vil gjere jobben for eit akseptabelt beløp, meiner han.

Sjølv om både Ap og Sp var kritiske då Solberg-regjeringa la lovendringane fram for Stortinget, vil ikkje regjeringa no gjere noko for å stanse dei, etter det Nationen får opplyst frå statssekretær Hans-Petter Aasen (Sp) i Justisdepartementet. Aasen seier at regjeringa likevel vil følgje nøye med, og at dei er klare til å gjere om på lova om det skulle bli nødvendig.

Publisert: 06.12.2021 16:18

Sist oppdatert: 06.12.2021 16:20