Kort fortalt

Mot slutten for koronatiltak

Kan bli oppheva i september

10.08.2021

(NPK-NTB): Einmetersregelen og andre innanlandske koronatiltak kan bli fjerna i september, opplyser regjeringa til VG.

– Slik det ligg an no, er det når alle har fått to dosar i slutten av september. Då vil det vere mogleg å leve normalt, utan einmetersregelen og andre innanlandsavgrensingar, men vi må ha auka beredskap i samfunnet vårt for nye truande virusvariantar, og vi må raskt kunne innføre tiltak, smittespore og stanse spreiing, seier helseminister Bent Høie (H) til VG.

Det betyr at ein i løpet av hausten truleg kan leve eit normalt liv, slik det var før koronapandemien.

– Ja, det kjem i løpet av denne hausten, truleg i slutten av september, kanskje endå litt raskare viss vi får tak i fleire vaksinar, seier Høie.

Høie seier vaksinasjon vil trumfe smitte i vurderinga av full gjenopning.

28. juli utsette regjeringa trinn fire av gjenopninga i to veker. Årsaka var uvissa rundt deltavarianten og auka smittespreiing både i Noreg og internasjonalt. Då varsla regjeringa at ei ny vurdering om trinn 4 vil skje i midten av august.

Publisert: 10.08.2021 17:24

Sist oppdatert: 10.08.2021 17:29

Mer om