Motebutikk årets kremmar på Sunnmøre
Auka omsetninga med 26 prosent i fjor.
Ann Kathrins Motebutikk, kalla AKY, er kåra til Årets kremmer på Sunnmøre 2023, ifølgje ei pressemelding frå SpareBank 1 SMN.
– Det er stas for oss i SpareBank 1 SMN å dele ut prisen til ei så vellukka verksemd og pilar i dataljhandelen her lokalt som Ann Kathrin Yndestad representerer, uttaler banksjef for Næringsliv, Sigrun Heltne Vartdal i meldinga.
Basert på lønnsemd og vekst kårar banken ei lokal bedrift til «Årets kremmer».
Klebutikken som Ann Kathrin Yndestad driv på Alti-sentret i Ørsta, auka inntektene med 26 prosent i fjor. Omsetninga enda på 13,8millionar og resultat før skatt vart 0,2 millionar.
Bedrifta der Yndestad er eigar, dagleg leiar og styreleiar, har 14 tilsette. Ho er også involvert i drifta av fleire butikkar i regionen.
Kriteria for å bli vurdert som Årets kremmer går både på vekst, omsetning, resultat og soliditet. 10 bedrifter på Sunnmøre kom gjennom nålauget i årets vurdering – 16 færre enn året før.
Tidlegare vinnarar:
- 2012: Bunadspesialisten, Ålesund
- 2013: Modo, Ålesund
- 2014: Modo, Ålesund
- 2015: Møbler & Miljø, Ålesund
- 2016: Vinjenaustet, Geiranger
- 2017: Drabløs AS, Ålesund
- 2018: Artec Aqua, Ålesund
- 2019: Vestcom, Ålesun
- 2020: Sjømatkompaniet, Ålesund
- 2021: Rune Sulebakk AS, Ålesund (HTH Kjøkkenforum)
- 2022: Ringo Ørsta
Les også
Publisert: 06.02.2024 17:53
Sist oppdatert: 07.02.2024 08:27