Elkjøp Amfi Moa montasje Loresa Ukaj foto Marius R 11
HANDELSVINNAR: Elkjøp har omsett for like mykje i Ålesund i år, med ein butikk mindre. Butikksjef Loresa Ukaj fortel samtidig at prisauke er ei utfordring. Foto: Marius Rosbach/Privat
Nytt

Mellom årets handelsvinnarar på Moa

Trass dyrtid, er det auka omsetning hos dei fleste bransjar ved regionens største kjøpesenter.

Marius Rosbach
20.12.2023

Fleire bransjar opplever solid auke i omsetninga på Amfi Moa i år. Regionens største kjøpesenter låg an til ei samla auke i omsetninga på kring 4,6 prosent ved utgangen av førre veke.

Reiseliv er mellom dei som har opplevd størst oppgang med ei auke på heile 20 prosent samanlikna med i fjor, ifølgje senterleiar Anne Mari Rødal Kleppe.

Også service- og tenesteyting – som frisørar og hudpleie – har ei solid auke på drygt 10 prosent. Hakk i hæl følgjer «hus og heim»-butikkar som Rusta, Jernia og Christiania Glasmagasin, som har auka omsetninga med 8,5 prosent i år.

– Vi opplever ei positiv stemning i regionen med mange bedrifter som søker etter folk, og fleire nye kontraktar i verftsindustrien, seier Kleppe til NETT NO.

Anne Mari Rødal Kleppe Bjørkedal 2
NYTT REKORDÅR: Senterleiar Anne Mari Rødal Kleppe kan notere ny salsrekord for Amfi Moa-senteret i år. Foto: Marius Aambakk Bjørkedal

Har halde salet oppe
Elkjøp er mellom butikkane i denne kategorien som kan sjå tilbake på eit godt år. I fjor hadde kjeda to butikkar i området, på Amfi Moa og i Breivika. Målet var å nå same omsetning i år – med berre ein butikk.

– Hittil i år har vi omsett for omtrent det same som heile fjoråret. Det er ein kjempeprestasjon med tanke på at forbrukarane sin kjøpekraft er svekka, seier butikksjef Loresa Ukaj til NETT NO.

I løpet av fjoråret utvida butikken også til langt større lokalar ved kjøpesenteret.

Betre lønnsemd for elektronikk-kjeda
Konsernsjef Fredrik Tønnesen i Elkjøp-kjeda har åtvara om at stigande prisar, dyrare husleige og fallande etterspurnad vil skape utfordringar for varehandelen.

Samtidig viser halvårstalla til konsernet som kom tysdag, at elektronikk-kjeda er på rett veg med betydeleg betring i lønnsemda.

Butikksjefen på Moa fortel at færre enn før, til eksempel tek seg råd til å ei kostbar investering som nytt kjøkken.

– Ei endring er likevel at vi levere bra med kvitevarer samanlikna med tidlegare. Det er vi veldig godt nøgd med, seier Ukaj.

– Men det er klart at det er krevjande når innkjøpsprisar frå leverandørar aukar, samtidig som vi skal halde oss konkurransedyktige på pris, legg ho til.

Lågare volum i varehandel totalt
Ferske tal frå Kvarud Analyse viser at kjøpesentra i Norge hadde ein vekst i omsetninga på nær fem prosent i november i år, samanlikna med same månad i fjor.

Det overraskar ikkje Virke, hovudorganisasjonen for handels- og tenestenæringa.

Linn Bredesen som er leiar for analyse i Virke, stadfestar til NRK at vi bruker meir pengar. Men ho påpeikar at det ikkje nødvendigvis betyr at vi kjøper meir.

– Auka rente, svak krone og auka kostnader til lønn, bidreg til at fleire har sett seg nøydde til å setje opp prisane. Sjølv om vi handlar for like mykje i løpande kroner, er det slik at volumet fell noko, seier ho til kanalen.

Publisert: 20.12.2023 05:00

Sist oppdatert: 20.12.2023 01:50

Mer om