Motsette seg konkurs – men fekk ikkje nåde
Skulda halv million til skatteetaten.
Molo Invest i Ålesund er konkurs grunna krav på drygt ein halv million frå skatteetaten.
I rettsmøtet motsette selskapet seg konkursopning, og bad om ny utsetting for å få betalt inn kravet, viser avgjerda frå Møre og Romsdal tingrett.
Bakgrunnen for betalingsproblema skuldas koronapandemien og at to permar med bilag vart liggande i ein bil i Sverige, etter at styreleiaren måtte reise heim frå eit oppdrag då pandemien slo til.
Det har ikkje vore i drift i selskapet sidan, og saksøkte meinte han kunne betale kravet ved utløpet av april.
Tingretten meinte krava til utsetting ikkje var oppfylt, og opna konkurs. Kristine Grønbech Rolland Devold er bustyrar i saka.
Publisert: 15.04.2024 14:09
Sist oppdatert: 15.04.2024 14:09