Kort fortalt

Mowi ville bli varsla om tilsyn

– Uaktuelt, var svaret frå tilsynet.

18.10.2023

(NPK-NTB): Det største lakseselskapet i verda Mowi bad å bli varsla minst 15 minutt før Mattilsynet skulle komme på uventa tilsyn. – Uaktuelt, var svaret frå tilsynet.

I ein e-post til Mattilsynet førre veke skreiv regionsdirektør Olaf Skjærvik i Mowi at selskapet er positive til overraskande besøk, men at dei likevel vil bli varsla på førehand, melder IntraFish.

– Besøka blir oppfatta som skremmande for enkelte tilsette, med Kystvakta, uniform og null varsling på førehand, skriv han i e-posten.

Vedlagt i e-posten har Mowi lagt med ein instruks for korleis dei vil at besøka skal gå føre seg.

«Ved ankomst Mowi-anlegg: Varsle driftsleder minst 15 minutter før ankomst. Dersom driftsleder ikke er tilgjengelig, varsles områdeleder, eventuelt produksjonssjef eller fiskehelseleder. Send dokumentasjon på vask og desinfeksjon av fartøy til driftsleder og fiskehelseleder på mail.»

Mattilsynet svarer at det er uaktuelt å gjennomføre varsling i tråd med Mowis forslag. Tilsynet understrekar at alle tilsyna av bedrifter med dyrehald skal vere uventa.

– I havbruksnæringa kan dette vere vanskeleg då fartøya og anlegga ligg langt frå land. Vi har ikkje eigne båtar, og derfor er samarbeidde med Kystvakta veldig viktig, skriv Mattilsynet.

(©NPK)

Publisert: 18.10.2023 22:00

Sist oppdatert: 18.10.2023 22:00

Mer om