Kort fortalt

Mowi vurderer ny fabrikk i Herøy

Skal vere snakk om investering på 200 mill.

07.06.2021

Mowi vurderer å bygge ein ny fabrikk for produksjon av mjøl og olje i Herøy, ifølgje Vestlandsnytt.

Etter det avisa kjenner til, dreiar det seg om ei investering på kring 200 millionar kroner.

Oppdrettsselskapet har søkt statsforvaltaren om løyve for ei nyetablering av produksjon med ein kapasitet på 70.000 tonn råstoff per år på Eggesbønes. Dei vil i tilfelle basere seg på restråstoff både frå eigen produksjon av laksefilet, samt eventuelt råstoff frå andre fiskeforedlingsbedrifter.

– Mowi vurderer ulike alternativ for korleis vi skal handtere råstoffet vårt framover. Eitt av alternativa er å bygge ein ny fabrikk for produksjon av laksolje og lakseprotein på området like ved fabrikken vår på Eggesbønes. Vi har difor søkt om utsleppsløyve frå statsforvalteren og vi har også orientert Herøy kommune om planane vi vurderer, fortel kommunikasjonssjef Eivind Nævdal-Bolstad i Mowi til avisa om planane.

Publisert: 07.06.2021 15:59

Sist oppdatert: 07.06.2021 16:00

Mer om