Kort fortalt

Museumsvekst i Møre og Romsdal

Tredobling for Viti - tidlegare Sunnmøre museum.

NPK
28.09.2023

(NPK): Alle musea i Møre og Romsdal, bortsett frå Nordmøre museum, har hatt auke i besøkstala frå 2021 til 2022, går det fram av Kulturdirektoratet si vurdering.

Viti har tredobla talet på besøkande, medan Nordmøre museum har hatt ein solid auke i talet på barn og unge som har delteke i pedagogiske opplegg.

– Musea har gjennom målretta og systematisk arbeid fått betre oversikt over samlingane sine, men har noko etterslep på vedlikehald og restaurering av bygningar. Musea i Møre og Romsdal arbeider godt med forsking og har god kompetanse på feltet. Med unntak av Nynorsk kultursentrum, har musea utfordringar i tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne, heiter det i ei pressemelding frå Kulturdirektoratet.

– Eitt av måla til Kulturdirektoratet er auka bruk av kunst og kultur for fleire. Derfor er eg glad for at mange museum har jobba godt og breitt med formidling. Samstundes er det avgjerande at både styresmaktene og musea sjølve på tek på alvor dei utfordringane vi framleis ser i denne sektoren, seier Kristin Danielsen, direktør i Kulturdirektoratet.

Desse musea var med i vurderinga: Nordmøre museum, Nynorsk kultursentrum, Romsdalsmuseet og Viti, tidlegare kjent som Sunnmøre museum.

(©NPK)

Publisert: 28.09.2023 08:05

Sist oppdatert: 28.09.2023 08:09

Mer om