Onsdag og torsdag denne veka gjennomførte Statens vegvesen ein storkontroll mot vogntog med fisk i lasta. Frå 109 av desse rann det blodig fiskevatn ut frå lasterommet.
- Desse vogntoga fekk køyreforbod til avrenninga var stansa. Sju av dei fekk bruksforbod to gonger på same tur, og eitt vogntog fekk bruksforbod heile tre gonger på ein og same tur. Det er altfor dårleg, seier Kim Ruben Våge i Statens vegvesen.
Store mengder fisk blir kvar dag transportert på norske vegar. Fisken ligg i kasser fylde med is. Om lasterommet ikkje er godt nok nedkjølt, smeltar isen slik at blodig fiskevatn renn ut frå køyretøyet. Dette skaper eit sleipt og glatt føre som er farleg for trafikken.
Også på sommarføre fører avrenninga til glatt vegbane, som er spesielt farleg for dei som ferdast på to hjul.
Denne veka vart det kontrollert fisketransport frå Malvik i Trøndelag heilt ned til Jessheim i Viken.
– Mange av køyretøya hadde unormalt høg kjøling på lasteromma sine. Alt frå minus 26 til rundt minus ti grader. Det vi normalt ser er at kjølinga står på mellom 0 og minus 2 grader. Første dag fekk vi tilbakemelding frå ein sjåfør om at han hadde fått melding frå arbeidsgivaren at dei skulle ha storkontroll med fokus på avrenning. Han vart derfor oppmoda om å ha på nok kjøling, seier Våge.
Han er skuffa over at arbeidsgivaren oppmodar til å ha på god nok kjøling berre fordi dei vart varsla om kontrollen.
Sjømatbedriftene Mowi, Salmar, Sjømat Noreg og Sjømatbedriftene deltok i kontrollane saman med Statens vegvesen og politiet.
Publisert: 04.11.2022 13:56
Sist oppdatert: 04.11.2022 13:58