Kort fortalt

Mykje lakselus på sjøaure

Rapport frå Havforskingsinstituttet.

NPK
07.07.2022

(NPK): Over halvparten av observert sjøaure på Vestlandet har så mykje lakselus at han risikerer problem.

Dette kjem fram i den førebelse rapporten frå den nasjonale overvakinga av lakselus på vill laksefisk (NALO), skriv Havforskingsinstituttet i ei pressemelding.

For villaksen er situasjonen noko betre. Årsaka til den store forskjellen på laks og sjøaure kjem av at dei ikkje oppheld seg på same stad.

– Medan postsmolt av villaksen sym fort gjennom fjorden og ut i havet når han har vorte stor nok til å forlate elvane, oppheld sjøauren seg i fjordane og langs kysten i større delar av året, seier Nilsen.

Sjølv om det oftast er unge larvestadium av lakselus, resulterer dei store påslaga i øydelagde finnar og opne sår på huda til fisken.

– Sidan sjøaure har moglegheita til å oppsøkje ferskvatn, eit miljø som lakselusa ikkje toler, veit vi ikkje sikkert om dei høge lusetala vi observerer på sjøaure resulterer i dødelegheit, seier Rune Nilsen, ansvarleg for NALO ved Havforskingsinstituttet.

(©NPK)

Publisert: 07.07.2022 11:02

Sist oppdatert: 07.07.2022 11:03

Mer om