Kort fortalt

Mykje pukkellaks tekne ut av norske elvar

Det meste er teke ut i Finnmark.

04.08.2023

(NPK-NTB): Så langt i år er det teke ut 180.789 pukkellaksar i elvane i Noreg. I all hovudsak er fisken teken ut i elvane i Finnmark.

Det viser oversikta til Miljødirektoratet.

På topp finn vi Vesterelva i Nesseby og Repparfjordelva i Hammerfest med høvesvis 27.692 og 22.120 pukkellaksar, skriv NRK.

Totalt vart 208.000 pukkellaksar registrerte fanga og observerte i norske elvar og kystfarvatn i 2021. Av pukkellaksen som vart fanga i 2021 vart 104.000 fiska ved uttaksfiske i elv, 39.000 i kilenot- og krokgarnfiske i sjøen, 13.700 ved sportsfiske i elv og 1700 ved sportsfiske i sjøen.

Pukkellaksen er ein framand art og utgjer ein trussel mot atlanterhavslaksen eller villaksen, som er vanlegast i dei norske elvane.

(©NPK)

Publisert: 04.08.2023 09:27

Sist oppdatert: 04.08.2023 09:27

Mer om