Sanksjonar mot Russland kan ramme import og vidare eksport av 100.000 tonn fisk frå russiske trålarar, der 20.000 tonn går til norsk fiskeindustri.
Russiske fartøy leverte fisk for i alt 1,3 milliardar til norske hamner i fjor, melder Fiskeribladet. Ein boikott kan stoppe landingane.
Førebels har ikkje årets russiske fisket teke seg særleg opp. Det skjer først skjer frå no og utover, opplyser Lara Konradsdottir i Eimskip Norway til avisa. Det er derfor lite russisk fisk på fryselagera nett no.
Av Noregs Råfisklags tal går det fram at det er landa 7848 tonn frå utanlandske fartøy til ein verdi av 148 millionar kroner per veke sju i år.
Norsk fiskeindustri kjøpte i fjor rundt 20.000 tonn av den russiske fisken som blir landa i Noreg, men fisketilverkarar som Fiskeribladet har snakka med, seier dei har kjøpt stadig mindre dei siste åra.
Publisert: 23.02.2022 15:17
Sist oppdatert: 23.02.2022 15:19