Kort fortalt
Myrvågsenteret er til sals
Prislapp på 20 millionar.
26.01.2024
Myrvågsenteret i Herøyer er lagt ut til sal til ein pris på 20 millionar kroner, ifølgje Vestlandsnytt.
Bygget er frå 1993, er eigd av Karl Ytre- Hauge, Bjørn Christian Christiansen og Roger Kvalsvik.
– Det er heilt naturlege årsaker. Vi tre som eig bygget er ikkje ungdommar lengre, og vil gjerne ordne ting før neste generasjon kjem til. Såleis har vi ikkje noko hast med å gjennomføre eit sal, seier Kvalsvik til avisa.
Dagens leigetakarar som mellom anna inkluderer Myrvåg legesenter, butikk, frisørsalong og e-sportklubben Metizport, vil halde fram som før, påpeiker han.
Publisert: 26.01.2024 08:33
Sist oppdatert: 26.01.2024 08:33