Kort fortalt

Mystisk fall i kronekursen

Krona fall plutseleg markant tysdag. Storbanken DNB opplyser at det ikkje er lett å finne ei forklaring på det.

12.04.2023

Krona har falle i kurs i lang tid og det betyr at alt i utlandet blir mykje dyrare for nordmenn som er ute på tur.

Tysdag formiddag vart krona monaleg svekt igjen. Onsdag formiddag kostar ein euro 11,53 øre og ein dollar 10,55 øre. Det er høvesvis ti og fem øre meir enn på same tid tysdag.

– Det er vanskeleg å spore den utløysande årsaka ved hjelp av faktorar som tradisjonelt gir slike utslag i krona, skriv DNB i morgonrapporten sin.

Dei påpeikar at sure børsar ikkje kan vere forklaringa, og at det heller ikkje kan forklarast med lågare forventningar til nye rentehopp. Inflasjonstala som kom tysdag, peikar tvert imot på nye renteaukar.

– Jo lengre krona held fram med å vere svak, jo meir vil den løfte prisveksten ytterlegare, i seg sjølv eit argument i favør av ytterlegare rentehopp, skriv DNB.

Ifølgje storbanken er det ein teori om at kutta oljeprodusentane i Opec har varsla, kan spele inn. Men oljeprisen var på veg oppover, ikkje ned, tysdag.

Publisert: 12.04.2023 10:06

Sist oppdatert: 12.04.2023 10:06