Må dele skulda etter datasvindel
Brimer Servitech og Kristiansund-selskap i retten.
Søre Sunmøre tingrett har kome fram til at Brimer Servitech og Kristiansund-selskapet Reksund må dele rekninga etter at svindlarar lurte til seg 120.000 kroner, melder Sunnmørsposten.
Striden gjaldt ei rekning på 122.000 kroner som sunnmørsselskapet skulle betale til Reksund. Fordi svindlarar hadde gått tilgang til domenet og e-posten til Reksund, hamna betalinga på avvege, ifølgje avisa.
Retten meiner it-tryggleiken hos Kristiansund-selskapet var for dårleg, men kjem samtidig fram til at Brimer burde ha oppdaga feilen.
I følgje dommen er difor Reksund tilkjent ei erstatning på 75.000 kroner, medan partane må dekke eigne sakskostnader.
Publisert: 23.02.2021 17:15
Sist oppdatert: 23.02.2021 17:22