Kort fortalt

– Må førebu oss på nye smittebølgjer

Nakstad trur smitta kjem tilbake.

25.07.2022

(NPK-NTB): Bølgja i sommar med korona har truleg passert toppen, men helseekspertar trur at smitten vil auke igjen til hausten.

– Sjølv om pandemien har vart i to og eit halvt år må vi førebu oss på nye smittebølgjer i Noreg allereie til hausten og til vinteren, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad til VG.

Smittebølgja i sommar med covid-19 har passert toppen, ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI). Førre veke vart 252 nye pasientar lagt inn med korona som hovudårsak. Det er ein nedgang på nesten 70 frå veka før.

– Når kvardagen er tilbake og vi møter fleire menneske igjen, vil smittespreiinga ganske sikkert auke, seier Nakstad.

Akkurat no er omtrent to til tre prosent av befolkninga smitta av koronaviruset, ifølgje FHI-overlege Preben Aavitsland.

– Vi trur at epidemien vil bli stadig mindre i vekene framover, men så er vi usikre på kva som skjer når samfunnet vender tilbake i normal gjenge i slutten av august. Det er mogleg vi då får ei lita seinsommarbølgje. Elles er det vanskeleg å spå kva som vil skje utover hausten og vinteren, seier Aavitsland.

Han seier at personar over 65 år truleg vil få tilbod om ein fjerde vaksinedose innan kort tid.

(©NPK)

Publisert: 25.07.2022 10:28

Sist oppdatert: 25.07.2022 10:29

Mer om