Kort fortalt

Må rapportere om lønnsforskjellar

Hittil er det få som har gjort det.

01.10.2021

Av dei største selskapa i Noreg rapporterte berre tre av ti om lønnsforskjellar mellom kvinner og menn i årsmeldinga for 2020. For 2021 må resten òg det.

Det er konsulent- og revisjonsselskapet PwC som har undersøkt dei 100 største selskapa i landet, skriv Aftenposten.

Ifølgje den skjerpa likestillingslova må bedrifter med meir enn 50 tilsette og alle offentlege verksemder rapportere om forskjellar i lønn mellom menn og kvinner. Det skal gjerast kvart anna år.

– For det første har mange ikkje teke heilt inn over seg kva som krevst før dei skal skrive årsmeldinga. Då har krava komme litt overveldande på dei. For det andre er dette ein indikasjon på at det ikkje har vore det skarpaste fokuset på lønnsforskjellar, seier advokat Ingrid Fladberg Brucker, som leier arbeidslivsavdelinga i PwC, til Aftenposten.

Bedrifter og verksemder som bryt reglane for rapportering, kan få dagbøter eller ei eingongsbot gitt av Diskrimineringsnemnda.

Publisert: 01.10.2021 07:53

Sist oppdatert: 01.10.2021 09:52

Mer om