Kort fortalt

Måsøval tilpassar seg lakseskatten

Oppdrettsselskap omorganiserer.

Marius Rosbach
11.09.2023

Styra i Måsøval og deira dotterselskap Aqua Farms Vartdal, Pure Farming, Måsøval Hjelpeselskap Drift og Måsøval Hjelpeselskap Lisens har vedteke ein felles plan for fisjon og trekantfusjon.

Det opplyser oppdrettsselskapet i ei børsmelding.

Formålet er å reindyrke Måsøval som holdingselskap, og å samle kommersielle matfiskløyver i selskapet Pure Farming.

Bakgrunnen er innføringa av grunnrenteskatt på oppdrett, og det er venta at ein rekke selskap vil gjere tilsvarande grep.

Måsøval vil også overføre det dei omtalar som enkelte driftsmidlar og tilsette med tilhøyrande eigedelar, rettar og forpliktingar til selskapet Aqua Farms Vartdal. Aksjonærfordelinga blir ikkje endra.

Måsøval har hovudkontor på Frøya og produksjon i fleire kommunar i Trøndelag og Møre og Romsdal. Det børsnoterte konsernet kjøpte i 2021 oppdrettsverksemda i Vartdalsgruppa for kring 1,5 milliardar kroner.

Publisert: 11.09.2023 08:54

Sist oppdatert: 11.09.2023 08:54

Mer om