Kort fortalt
Mærsk droppar Raudehavet
24.01.2024
(NPK-NTB-Ritzau): Det danske selskapet Mærsk vil ikkje lenger bruke Raudehavet og områda rundt som transportrute etter at houthiane i Jemen igjen har angripe skip.
I byrjinga av januar melde selskapet at det innstilte all skipsfart i Raudehavet på ubestemd tid. Det gjaldt likevel ikkje skip som var følgt av den amerikanske marinen.
Men no gjeld avgjerda også denne delen av flåten, opplyser selskapet til ShippingWatch onsdag.
Mærsk seier at to av skipa til selskapet vart angripne onsdag. Begge segla med amerikansk flagg, men ingen av dei vart trefte.
(©NPK)
Publisert: 24.01.2024 18:14
Sist oppdatert: 24.01.2024 18:14