Kort fortalt

Betre for Møre-Nytt

Avisa hentar inn inntektsfall knytt til papiravis i auka abonnementsinntekter

Linn Antonie Vårdal Solheim
24.07.2023

Både inntekter og kostnadar veks tilnærma likt for lokalavisa i Ørsta. Driftsresultat blei likt som året før, men ein auke i finansinntekter sikra at resultatet før skatt auka, og endar på 3,9 millionar i 2022.

Avisa sysselsette 7 årsverk i snitt i løpet av 2022.

Annonseinntektene for papir fell markant, men avisa har i 2022 meir enn henta inn tapet i auka abonnementsinntekter.

Totalkapitalen, altså summen av alle eigedelar avisa disponerer, auker med 13,7 prosent frå 2021 til 2022.

Møre-Nytt er eit heileigd selskap i Polaris Media Nordvestlandet, og er ein del av Polaris Media-konsernet.

Tall i millioner kroner
Møre-Nytt
2022 2021
Driftsinntekter 16 15,6
Driftsresultat 3,4 3,4
Resultat før skatt 3,9 3,5

Publisert: 24.07.2023 12:47

Sist oppdatert: 24.07.2023 12:47

Mer om