0428 smp hanna relling berg tonemolnes 2022 TMO9740
AUKA KONSERNBIDRAG: Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke hadde svakare resultat i 2022, enn året før. Likevel auka konsernbidraget frå Sunnmørsposten-redaktør Hanna Relling Berg og dei andre avistilsette på Nordvestlandet. Foto: Tone Molnes
Nytt

Nytt rekordutbytte til aviseigarane

Svakare resultat for Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke – men konsernbidraget aukar kraftig.

Marius Rosbach
21.07.2023

2022 blei eit nytt godt økonomisk år for dei store Polaris-avisene på Nordvestlandet, viser årsrapportane som no har starta å kome frå Brønnøysundregistera.

Dei to store aviskonserna i regionen, Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke, er organiserte som dotterselskap i Polaris Media Nordvestlandet.

Rekneskapen for dette selskapet viser at fjoråret sikra eigarane eit nytt solid konsernbidrag til Polaris Media på 51,3 millionar kroner.

Det børsnoterte konsernet med hovudkontor i Trondheim, eig i tillegg ein rekke lokalaviser i regionen.

Etter nokre magre år på utbyttefronten, tok konsernet også eit utbytte på 38,1 millionar kroner etter eit svært godt resultat for Polaris-avisene i 2021.

Solid sjefsløn og eigenkapital
Polaris Media Nordvestlandet er leia av tidlegare Sunnmørsposten-redaktør Harald H. Rise.

Ulsteinvikaren har ei solid årslønn med utspring i det prestasjonsbaserte systemet til Polaris-konsernet. Lønn og anna godtgjersle til administrerande direktør i 2022 var på 3,1 millionar.

31,2 millionar kroner blir i 2022 overført frå eigenkapitalen. Ved utgangen av året var denne på 215 millionar. Selskapet har knapt gjeld til andre enn konsernet, viser årsrapporten.

Svakare avisresultater
Sunnmørsposten er den desidert største av Polaris-avisene på Nordvestlandet.

2022-rekneskapen er ikkje offentleg enno, men avisa fekk eit resultatet etter skatt på 13,2 millionar i 2022, ifølgje årsrapporten til eigarselskapet.

Overskotet er ein nedgang på nær 40 prosent frå 2021, då Ålesund-avisa satt igjen med 21,2 millionar kroner på botnlinja.

Også Romsdals Budstikke hadde svekka lønnsemd i fjor med eit resultat før skatt på 9,6 millionar. Det er ein nedgang på kring 40 prosent frå 15,8 millionar i 2021.

Konsernbidraget frå Molde-avisa vart i fjor på 14,5 millionar kroner, ifølgje 2022-rekneskapen.

Meir om 2022-resultatet til Romsdals Budstikke:

Vurderer papiraviskutt
Kvartalstala for Polaris Media har peika nedover i år, og konsernsjef Per Axel Koch har gitt uttrykk for at han ikkje er nøgd med lønnsemda.

Eit av tiltaka som blir vurdert, er å gi ut papiraviser færre dagar i veka.

Det blir også jobba med bemanningsreduksjonar, der 68 årsverk skal vekk i den norske delen av verksemda innan 2024.

Tidlegare i år fekk Sunnmørsposten-tilsette og andre Polaris-tilsette over 62 år tilbod om gåvepensjon.

Les om meir resultata frå avisene i Polaris Media Nordvestlandet:

Publisert: 21.07.2023 13:54

Sist oppdatert: 24.07.2023 14:10

Mer om