ID: 13030394
(NPK): Møre og Romsdal bør halde fram som eige fylke, går det fram av ein ny rapport.
Rapporten er laga av Nordlandsforsking AS på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
Dette er ei uavhengig utgreiing av dei maktpolitiske konsekvensane for Møre og Romsdal i ein ny og større region, opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune.
Ved å flytte fylkeskommunale institusjonar til Bergen eller Trondheim/Steinkjer, ser det ut som om at «alt vil gå gale», står det å lese i rapporten.
Fleire argument talar også for at ei deling av Møre og Romsdal på midten bryt med sjølve føresetnadene i regionreforma, heiter det vidare.
Rapporten tilrår å behalde Møre og Romsdal som region eller fylke, men at det samtidig er eit samarbeid på tvers av regionane, til dømes med NTNU i Trondheim og Universitetet i Bergen.

Publisert: 14.10.2016 12:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44