(NPK): Rydd i tide-programmet har rydda plastavfall langs 50 prosent av den ytre kysten i Noreg. 2024-tala viser at Møre og Romsdal er det mest forsøpla fylket i landet, med over 250 kilo avfall per kilometer kyst. Det kjem fram i ei pressemelding frå Handelens Miljøfond.
Trøndelag, Troms og Finnmark følgjer rett etter med mest maritim forsøpling målt i kilo per kilometer rydda kyst. På Svalbard er tettleiken endå høgare – over 500 kilo per kilometer – men her er ryddinga konsentrert til dei mest utsette områda.
Sidan 2024 har plastavfallet også blitt analysert gjennom eit omfattande overvakingsprogram. Ifølgje miljøfondet er hovudfunna frå fjoråret at fiskeri, havbruk og maritim sektor er den største bidragsytaren til marin forsøpling i Noreg, målt i vekt.
Små plastbitar med ukjent opphav dominerer i mengde over heile kysten, både mjukplast, hardplast og isopor.
Av gjenstandar som kan identifiserast, er det taustumpar og avkapp frå bøting av not og trål som oftast blir funne.
Overvakingsprogrammet og ryddinga av kysten blir gjennomført av Rydd i tide, som er fullfinansiert av plastposekontingenten til Handelens miljøfond.
(©NPK)
Publisert: 08.09.2025 11:33
Sist oppdatert: 08.09.2025 11:33





