Kort fortalt

– Møre og Romsdal kan gå i oppløysing

Folkerøystingar på Nordmøre.

NPK
08.09.2021

(NPK): Kommunane Aure og Smøla i Møre og Romsdal skal halde rådgjevande folkeavrøysting om kommunen bør gå til Trøndelag. I tillegg har bystyret i Kristiansund vedteke å halde ei liknande avrøysting, skriv Sunnmørsposten.

– Dersom Kristiansund forsvinn til Trøndelag vil det bli ei stor utfordring for resten av Møre og Romsdal å halde fram som eige fylke, med tanke på folketalet, seier Jørgen Amdam, pensjonert professor i samfunnsplanlegging til avisa.

Han legg til at det då ikkje er usannsynleg at det blir eit skilje på Romsdalsfjorden, ved at Romsdal følgjer etter Nordmøre til Trøndelag, medan Sunnmøre går til Vestland fylke.

– Det har ikkje minst med kva for region ein føler mest tilknyting til. Eit anna alternativ er at heile Møre og Romsdal går til Trøndelag. Men eg trur at det vil vere problematisk for sunnmøringane, som føler seg som vestlendingar, legg Amdam til.

(©NPK)

Publisert: 08.09.2021 16:04

Sist oppdatert: 08.09.2021 16:06

Mer om