Kort fortalt

Møreaksen på 10. plass og nest dyrast

Statens vegvesen la fram prioriteringsliste.

10.05.2022

Statens vegvesen har Oslofjordsambandet øvst på prioriteringslista si for 20 prosejt i åra 2023–2027.

Vidare på lista følgjer E134 Røldal – Seljestad i Vestland (3,34 milliardar kroner), E6 Megården – Mørsvikbotn i Nordland (10,27 milliardar kroner) og E16 Hylland – Slæen i Vestland (1,64 milliardar kroner). Desse fire vegprosjekta reknar Vegvesenet for å vere heilt klare for oppstart.

– Dette er prosjekt som er klare til politisk behandling, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland i ei pressemelding.

Møreaksen på 10. plass
Dei neste 14 prosjekta er markerte som gule i prioriteringslista. Det vil seie at Vegvesenet ikkje reknar dei som like «modne» som dei fire øvste.

Her finn ein mellom anna E39 Ålesund – Molde, Møreaksen på 10. plass. Vegprosjektet som mellom anna skal gi ferjefri veg over Romsdalsfjorde, er det nest dyraste tiltaket på lista, med ein kostnadsprognose på 26,5 milliardar kroner.

Også E39 Volda – Furene er inne på ein 13. plass med ei kostnadsprognose på 1,10 milliardar kroner.

Hordfast dyrast
Dette er første gong Statens vegvesen har laga ei slik oversikt over vegprosjekt i Nasjonal transportplan i prioritert rekkjefølgje. Det er gjort på oppdrag frå departementet.

Dyrast er E39 Ådland – Svegatjørn i Vestland, populært kalla Hordfast, er dyrast med ein berekna prislapp på 41,93 milliardar kroner.

I tillegg til prosjekta som no er prioriterte, har Vegvesenet også ei liste over andre aktuelle vegprosjekt som kostar mellom 200 millionar kroner og éin milliard kroner.

Her er heile lista:

1. E134 Oslofjordforbindelsen. Stad: Frogn og Asker (Viken)

Kostnadsprognose: 5,83 milliardar kroner

2. E134 Røldal – Seljestad. Stad: Ullensvang (Vestland)

Kostnadsprognose: 3,34 milliardar kroner

3. E6 Megården – Mørsvikbotn. Stad: Sørfold (Nordland)

Kostnadsprognose: 10,27 milliardar kroner

4. E16 Hylland – Slæen. Stad: Aurland og Voss (Vestland)

Kostnadsprognose: 1,64 milliardar kroner

5. E134 Saggrenda – Elgsjø. Stad: Kongsberg (Viken) og Notodden (Vestfold og Telemark)

Kostnadsprognose: 2,44 milliardar kroner

6. E45 Kløfta. Stad: Alta (Finnmark)

Kostnadsprognose: 1,23 milliardar kroner

7. E16 Arna – Stanghelle. Stad: Vaksdal og Bergen (Vestland)

Kostnadsprognose: 14,93 milliardar kroner

8. E39 Ådland – Svegatjørn (Hordfast). Stad: Stord, Tysnes og Bjørnafjorden (Vestland)

Kostnadsprognose: 41,14 milliardar kroner

9. E18 Retvet – Vinterbru. Stad: Nordre Follo og Ås (Viken)

Kostnadsprognose: 8,39 milliardar kroner

10. E39 Ålesund – Molde (Møreaksen). Stad: Ålesund, Vestnes og Molde (Møre og Romsdal)

Kostnadsprognose: 26,54 milliardar kroner

11. E134 Dagslett – kryss E18. Stad: Lier (Viken)

Kostnadsprognose: 4,16 milliardar kroner

12. E10 Nappstraumen – Å. Stad: Flakstad og Moskenes (Nordland)

Kostnadsprognose: 1,28 milliardar kroner

13. E39 Volda – Furene. Stad: Volda (Møre og Romsdal)

Kostnadsprognose: 1,10 milliardar kroner

14. E39 Storhaugen – Førde. Stad: Sunnfjord (Vestland)

Kostnadsprognose: 3,29 milliardar kroner

15. Rv. 22 Glommakryssing. Stad: Lillestrøm (Viken)

Kostnadsprognose: 3,22 milliardar kroner

16. Rv. 5 Erdal – Naustdal. Stad: Sunnfjord (Vestland)

Kostnadsprognose: 2,29 milliardar kroner

17. E39 Ålgård – Hove. Stad: Gjesdal og Sandnes (Rogaland)

Kostnadsprognose: 4,25 milliardar kroner

18. E8 Flyplasstunnelen Tromsø. Stad: Tromsø (Troms og Finnmark)

Kostnadsprognose: 1,96 milliardar kroner

19. Rv. 36 Skjelsvik – Skuggestein. Stad: Porsgrunn og Skien (Vestfold og Telemark)

Kostnadsprognose: 5,77 milliardar kroner

20. Rv. 19 Moss. Stad: Moss (Viken)

Kostnadsprognose: 5,24 milliardar kroner

(©NPK)

Publisert: 10.05.2022 18:53

Sist oppdatert: 10.05.2022 19:14

Mer om