NAF vil ha ned drivstoffavgifta
Meiner regjeringa må ta grep.
(NPK-NTB): Bensin- og dieselprisane når stadig nye høgder. No må regjeringa ta grep før prisauken kjem heilt ut av kontroll, meiner NAF.
Fleire stader har prisane stige til over 25 kroner per liter, og kraftkrisa i Europa og dessutan ein marknad i ubalanse forsterkar prisauken, påpeikar kommunikasjonssjef Camilla Ryste i Norges Automobil-Forbund (NAF).
– Staten må ta kontroll over situasjon gjennom offensiv bruk av statlege verkemiddel. Avgiftene må kraftig ned, seier Ryste.
Ho påpeikar at ein literpris på 25 kroner består av rundt 40 prosent avgifter, noko regjeringa kan og må gjere noko med no, meiner ho.
– Vi får mange førespurnader frå NAF-medlemmer som blir ramma av dei høge drivstoffprisane. Mange er opprørte og meiner avgiftene til staten no må setjast ned for å dempe prispresset, seier ho.
(©NPK)
Publisert: 10.03.2022 09:36
Sist oppdatert: 10.03.2022 09:38