Jo Stian Tverberg foto Aurstad
IKKJE BERRE TUNNEL: Dagleg leiar Jo Stian Tverberg seier namneskiftet mellom anna skal vise at selskapet driv med meir enn å bygge tunnelar.Foto: Aurstad
Kort fortalt

Namneskifte hos Aurstad

No blir det berre Aurstad.

01.12.2025

Morselskapet i konsernet skiftar namn frå Aurstad til  Aurstad Gruppen, medan driftsselskapet Aurstad Tunnell skriftar namn til Aurstad, skriv selskapet i ei pressemelding.

-Denne endringa handlar ikkje berre om namn, men om strategi og retning. Vi ønskjer å synleggjere at vi tilbyr ei brei portefølje av tenester, langt utover tunnel, seier dagleg leiar Jo Stian Tverberg i ei pressemelding.

Entreprenørselskapet i Ørsta har i dag omlag 150 tilsette. Omsetninga i år ligg an til å bli omlag som i fjor, men det er for tidleg å seie noko om resultatet seier Tverberg til Nett No.

Aurstad har oppdrag over heile landet. Per i dag har konsernet omlag halvparten av oppdraga sine utanfor Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. 

Publisert: 01.12.2025 14:34

Sist oppdatert: 01.12.2025 14:34

Mer om