Jo Stian Tverberg Austad foto Ogne
KAMP OM MARGINAR: Aurstad-sjef Jo Stian Tverberg forel at dei merkar at det er stor konkurranse i bransjen og ein kamp om marginane. Foto: Ogne Øyehaug.
Nytt

Har «stort trykk» - men fekk barbert overskotet

Ørsta-konsernet jobbar med å halde lønnsemda oppe.

Marius Rosbach
07.07.2025

Fjoråret vart ein nedtur for Aurstad-konsernet samanlikna med rekordåret 2023. Den gang vart det rekordomsetning og største overskot på nær ti år.

I 2024 sank omsetninga og resultatet før skatt blei barbert til under ein tidel av overskotet året før. Det viser rekneskapen for Ørsta-konsernet. 

– Vi kjenner på at vi er i ein marknad prega av stor konkurranse, der ein jobbar med marginane, administrerande direktør Jo Stian Tverberg til Nett No. 

Taler på årsverk i konsernet gjekk samtidig opp frå 117 til 121 løpet av fjoråret. 

Aurstad (konsern)  
Tal i mill. kroner20242023
Driftstinntekt395,7448,5
Driftsresultat0,536,6
Resultat før skatt3,137,5

Ville helst hatt betre resultat
Aurstad-sjefen fortel at både han og eigarane helst hadde sett at resultatet hadde halde seg oppe. 

– Det var bra aktivitet gjennom fjoråret, men nokre år er det prosjekt som har sviktande inntekter, medan andre går som planlagt. Då endar ein om lag i balanse. Slik vart det i fjor, seier Tverberg.

Prosjekt som blei utsett bidrog også til lågare omsetning og inntening, opplyser han.

– Vi vil helst levere gode resultat kvart år, men verda er ikkje alltid slik at det går, legg han til.

I årsmeldinga skriv styret at dei ser positivt på utsiktene i marknaden framover. Og situasjonen er langt frå dramatisk for selskapet som hadde ein eigenkapital på over 42 millionar kroner ved utløpet av 2024. Den langsiktige gjelda var på kring 7,4 millionar. 

– Har alle i arbeid og stort trykk
Bygg- og anleggsbransjen har vore gjennom fleire år med brems. Slik sett er Tverberg nøgd med at dei held koken. 

Arbeidsmengda har halde seg oppe så langt i 2025. 

– Aktivitetsnivået vårt er høgt, og vi har alle i arbeid og stort trykk. Vi kjenner på noko av det same som vi gjorde i fjor, men det er for tidleg å seie korleis resultatet for 2025 blir, legg Tverberg til. 

Jo-Stian Tverberg eig sjølv 15 prosent i morselskapet Aurstad, medan Cato Aurstad eig resten.

Har fått fleire bein å stå på
Aurstad-konsernet har dei siste åra fått fleire bein å stå på utover den  tradisjonelle entreprenørverksemda med bygging av veg- og anlegg. 

I dag har dei meir varierte oppdrag i fleire fagdisiplinar, og lagar ulike konstruksjonar i stål og betong, i tillegg til tekniske løysingar og røyrarbeid.

Kraftindustrien og tunnelrehabilitering er marknader som har vekse dei siste åra. 

Framleis sjansen til oppdrag på skipstunnelen
Aurstad var også mellom dei lokale bedriftene som var med å konkurrere om oppdrag på bygging av Stad Skipstunnel. 

Den spansk/norske grupperinga som Aurstad samarbeida med, trakk seg frå konkurransen i mars. 

Likevel er det mogleg at bedrifta kjem inn i det store samferdselsprosjektet. Tverberg opplyser at dei er i dialog med ein tilbydar som framleis er med i konkurransen. 

Publisert: 07.07.2025 12:34

Sist oppdatert: 07.07.2025 13:26

Mer om