I perioden 2006-2019 meir enn tredobla reiselivsbedriftene langs Nasjonal turistveg Geiranger-Trollstigen si verdiskaping, viser ein ny rapport.
Rapporten er utarbeidd av Menon Economics på oppdrag av Statens vegvesen.
Rapporten dokumenterer at reiselivsbedrifter langs dei undersøkte turistvegane har hatt ein sterkare verdiskapingsvekst enn samanliknbare referansegrupper, både regionalt og nasjonalt.
Referansegruppene består av reiselivet i samanliknbare distriktskommnar utan Nasjonale turistvegar.
Dette tilsvarer en verdiskapigsvekst på 240 prosent. Veksten er 81 prosentpoeng høgare enn referansegruppene regionalt, og 110 prosentpoeng høgare enn referansegruppene nasjonalt.
Den nye rapporten stadfestar funna frå tidlegare undersøkingar, som fann klare positive næringsøkonomiske effektar av turistvegsatsingene, mellom anna knytt til Atlanterhavsvegen i 2020.
Publisert: 28.06.2023 11:13
Sist oppdatert: 28.06.2023 11:13