Kort fortalt

– Treng ikkje meir energi

Kritisk til utspel frå olje- og energiminister.

27.07.2023

(NPK-NTB): Vi treng ikkje meir energi, men energien vi har, må brukast smartare, meiner Naturvernforbundet. Innan 2050 kan Noreg bli tilnærma utsleppsfritt, meiner dei.

Det er fullt mogleg å oppnå utan å leggje fleire elvar i røyr eller å byggje ned sårbar natur med vindmøller, slår Naturvernforbundet fast.

Utspelet kjem etter at olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) sa til avisa Telen at dagens energiproduksjon berre er to tredelar av kva vi treng innan 2040.

– Det er på sin plass å setje ein fot i bakken før vi øydelegg meir natur. Vi kan ikkje løyse klimakrisa med å rasere store mengder av den naturen vi er heilt avhengige av. Løysinga er ganske enkel: Vi må bruke mindre energi, vi må bruke straumen smartare, og forbruket må ned, seier leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet.

– Det er ikkje på langt nær nødvendig å byggje ut så mykje meir elektrisk kraft som Energikommisjonen foreslår, og som olje- og energiministeren ser for seg, seier Gulowsen.

Naturvernforbundet meiner det er ein dårleg idé å forsyne olje- og gassinstallasjonane med kraft frå land.

– Elektrifisering av sokkelen vil krevje veldig mykje straum. Derfor er det eit stort press for å byggje ut meir vindkraft på land på kostnad av naturen. Elektrifisering vil også krevje store naturinngrep på grunn av bygging av straumkablar ut til plattformene og nye kraftlinjer på land, seier Gulowsen.

(©NPK)

Publisert: 27.07.2023 11:40

Sist oppdatert: 27.07.2023 12:46

Mer om