(NPK-NTB): Nav utbetalte 635 milliardar kroner i ytingar og alderspensjon i 2024, ein auke på 51 milliardar kroner.
2,8 millionar personar, som utgjer halvparten av befolkninga i Noreg, fekk ei yting frå Nav minst éin gong i 2024, skriv etaten i ei pressemelding.
I tillegg var det 110.800 personar busette i utlandet som fekk pengar frå Nav.
– Til saman var det nesten 3 millionar personar som fekk minst éi utbetaling frå i Nav i fjor. Dei aller fleste av oss får pengar frå Nav i løpet av livet, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte.
Utbetalingane auka med 8,8 prosent frå 2023, som svarer til i overkant av 51 milliardar kroner. Veksten er høgare enn lønnsveksten og justeringa i grunnbeløpet.
– Auken kjem mellom anna av at vi blir fleire pensjonistar, eit høgt sjukefråvær og vekst i mottakarar av både arbeidsavklaringspengar og uføretrygd, seier Holte.
Justert for lønnsveksten i 2024 var veksten i utbetalingane på omtrent 21 milliardar kroner.
Alderspensjon står for nesten halvparten av utbetalingane i Noreg, med 309 milliardar kroner. Det er ein auke på 6 prosent frå 2023.
Utbetalingane til uføretrygd, arbeidsavklaringspengar (AAP) og sjukepengar var til saman på 236 milliardar kroner, ein auke på 8,9 prosent.
Fordelt per innbyggjar var utbetalingane høgast i Telemark, tett etterfølgde av Østfold, Nordland og Innlandet. Lågast var utbetalingane til Oslo.
Fordi alderspensjon utgjer halvparten av betalingane, er det fylke og kommunar med ein stor del pensjonistar som ligg på topp.
Publisert: 11.03.2025 11:06
Sist oppdatert: 11.03.2025 11:06