(NPK-NTB): Omsetjinga i detaljhandelen gjekk ned med 0,3 prosent frå august til september, viser dei siste sesongjusterte tala frå Statistisk sentralbyrå.
Dette skjer etter ein auke på 0,4 prosent frå juli til august i år.
Butikkar med sal av elektriske varer, byggjevarer, tekstil og utstyrsvarer, sportsutstyr, klede og sko bidrog til nedgangen, mens omsetnaden i daglegvarebutikkar og sal av mat og drikke i spesialforretningar hadde ein vekst i omsetningsvolumet.
Også varekonsumindeksen viser ein nedgang på 0,3 prosent i september. Her bidrog elektrisitets- og brenselsutgifter til nedgangen med ein omsetning på 3,3 prosent mindre enn månaden før, mens omsetnaden av matvarer, drikkevarer og tobakk gjekk opp.
Konsumet av andre varer, deriblant klede og sko og sportsutstyr, var 1,2 prosent lågare i september enn i august. (©NPK)

Publisert: 28.10.2016 09:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43