Kort fortalt

Nedgang i makrellkvota

Fiskeriministeren med nasjonal kvote.

22.06.2022

(NPK-NTB): Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) har sett den norske makrellkvoten for 2022 til 278.222 tonn, ein nedgang på rundt sju prosent frå i fjor.

Han har fastsett den nasjonale kvoten i mangel på ein kyststatsavtale.

– Det er beklageleg at kyststatane enno ikkje har vorte samde om ein avtale om fordeling av makrellbestanden, seier fiskeri- og havministeren.

Den nasjonale kvoten utgjer 35 prosent av tilrådd samla fangst, som er 794.920 tonn.

Forhandlingane mellom Noreg, Storbritannia, EU, Færøyane, Island og Grønland om ein ny fordelingsnøkkel held fram til hausten, og målet er ei løysing for 2023 og framover.

Bakgrunnen for situasjonen er at EU og Storbritannia ikkje var interessert i ei vidareføring av kyststatsavtalen for makrell etter at Storbritannia forlét EU. Det førte til at avtalen stansa.

Makrellen har dei siste åra vist ei tydeleg nordaustleg dreiing i utbreiing, noko som inneber at meir makrell no er i norske farvatn samanlikna med 2014, då den førre makrellavtalen vart inngått, opplyser Nærings- og fiskeridepartementet.

(©NPK)

Publisert: 22.06.2022 08:43

Sist oppdatert: 22.06.2022 08:45

Mer om