Kort fortalt

Nedgangen for byggjevarer fortset

29.09.2023

(NPK-NTB): Byggjevarehandelen fall med 7,3 prosent i andre tertial 2023 frå same periode året før.

Det er proffmarknaden som står for heile tilbakegangen, skriv Virke i ei pressemelding.

– Den kraftige bremsen i nybygg rammar proffmarknaden hardt, seier Aslaug Koksvik, direktør for Virke Byggevarehandel.

Virke ventar at byggjevarehandelen fell med 11 prosent i 2023 og 7 prosent i 2024.

– Sjølv om vi ventar at privatmarknaden snur oppover frå andre halvår neste år, ligg det an til at proffmarknaden held fram med å falle i 2024, seier Koksvik.

(©NPK)

Publisert: 29.09.2023 09:02

Sist oppdatert: 29.09.2023 09:02

Mer om