Kort fortalt

Nedjustert kvoteråd for nordsjøtorsk

Fann feil i prognosemodellen.

06.11.2024

NPK: Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) tilrår ein kvote på 15.511 tonn nordsjøtorsk, ei nedjustering av råda frå juni i år.

Årsaka til endringa er at ICES oppdaga ein feil i prognosane sine.

– Det var ein feil i framskrivingsmodellen deira, altså modellen som reknar ut korleis det vil gå med bestandane fram i tid. Vurderinga av korleis det står til med bestandane i dag er ikkje påverka, forklarar havforskar Bjarte Bogstad.

Det nye kvoterådet erstattar rådet frå juni, som var at den samla fangsten ikkje burde vere høgare enn 19.321 tonn.

– Det opphavlege rådet var 15 prosent lågare enn den tilrådde kvoten for 2024, og no vert kvoterådet justert ned endå nokre hakk, held Bogstad fram.

Torsken i Nordsjøen er delt i tre underbestandar som gyter på separate felt. Utanfor gytinga om vinteren, blandar fisken seg og vert fanga om ein annan. Bogstad fortel at rådet derfor tek omsyn til bestanden det står dårlegast til med.

Publisert: 06.11.2024 12:35

Sist oppdatert: 06.11.2024 12:35