Kort fortalt

Nei til reversering av domstolreforma

Domstoladministrasjonen hardt ut mot reversering.

25.03.2022

Reversering av domstolsreforma vil bli 40 millionar kroner dyrare enn anteke, og potensielt gi store negative konsekvensar, meiner Domstoladministrasjonen.

I fjor anslo Domstoladministrasjonen (DA) at det ville koste 75 millionar kroner å snu domstolsreforma.

No meiner dei prislappen blir 65 millionar kroner i investeringar og 50 millionar kroner i auka lønnskostnader. Det går fram av DAs svar til den pågåande høyringa om reverseringsforslaget frå regjeringa, som er gjengitt hos Rett24.

Ei full reversering inneber at 58 tingrettar og 25 jordskifterettar må rettast opp igjen. DA går hardt ut mot reversering i høyringsfråsegna og meiner ho vil medføre store negative konsekvensar for domstolane.

Dei meiner ei reversering berre bør gjennomførast «dersom det foreligger tungtveiende faglige eller andre relevante hensyn som tilsier at en reversering vil gi økt rettssikkerhet for befolkningen, bedre fagmiljø og en bedre ressursutnyttelse», heiter det.

Høgres justispolitiske talsperson Sveinung Stensland meiner høyringssvaret viser at regjeringa bør leggje vekk reverseringsplanane.

– Det er nesten ikkje til å begripe viss regjeringa held fram arbeidet med reverseringa etter dette. Vi står i ein svært krevjande tryggingspolitisk situasjon. Det siste vi treng, er uvisse i rettsapparatet og justissektoren. Justisministeren er òg beredskapsminister, ho bør leggje til side denne saka og støyen det medfører, skriv Stensland i ein e-post til NTB.

Publisert: 25.03.2022 08:09

Sist oppdatert: 25.03.2022 08:11

Mer om