Kort fortalt

Nei til vaksinesamarbeid

DN: Noreg sa nei til vaksinesamarbeid med Israel.

10.03.2021

NPK-NTB: Israel inviterte i februar Noreg med på eit vaksinesamarbeid, men dette vart avvist, skriv Dagens Næringsliv. Fleire opposisjonspolitikarar reagerer sterkt.

Medan Israel er det landet i verda som har fullvaksinert ein størst del av befolkninga, har Noreg lent seg på EU i vaksineinnkjøp. EUs vaksineavtalar har fått sterk kritikk.

Ifølgje Dagens Næringsliv vart Noreg invitert med på eit omfattande samarbeid om utvikling og produksjon av vaksinar med Israel i eit brev frå statsminister Benjamin Netanyahu 4. februar. Dette takka Noreg nei til.

– Det vart gjort ei vurdering av om vi hadde meir å hente på samarbeid med Israel på det tidspunktet. Då var den helsefaglege vurderinga at det hadde vi ikkje. Derfor svarte vi Israel at vi ikkje såg behovet for eit forsterka samarbeid om dette no, seier statsminister Erna Solberg til DN.

Senterpartiets parlamentariske leiar Marit Arnstad og Frp-nestleiar Sylvi Listhaug reagerer på at Noreg sa nei til den israelske invitasjonen.

Publisert: 10.03.2021 07:49

Sist oppdatert: 10.03.2021 07:51

Mer om