Kort fortalt

Nest beste april nokon gong

Snøkrabbe og laks bidrog til vekst i sjømateksporten.

05.05.2021

NPK-NTB: Noreg eksporterte sjømat for 8,6 milliardar kroner i februar. Det er ein auke på 338 millionar kroner, eller 4 prosent, samanlikna med april i fjor.

– Sjølv om sjømatmarknadene framleis er sterkt prega av koronapandemien og ei styrkt norsk krone, er verdien av sjømateksporten i april den nest høgaste april-månaden nokosinne, seier administrerande direktør Renate Larsen i Noregs sjømatråd.

Ho forklarer at dette mellom anna kjem av at det blir eksportert rekordhøge volum til auka prisar av mellom anna laks og snøkrabbe.

Lakseeksporten var i april på 86.000 tonn laks til ein verdi av 5,8 milliardar kroner i april. Verdien av lakseeksporten var den nest høgaste for april månad nokosinne, berre slått av april 2019 – då den var på 6,2 milliardar kroner.

Når det gjeld snøkrabbe, vart det eksportert 770 tonn til ein verdi av 123 millionar kroner i april, ein auke i volum på 515 prosent. Her auka verdien med 105 millionar kroner, eller 585 prosent, samanlikna med april i fjor.

Polen, Frankrike og USA var dei største marknadene for norsk laks i april, medan USA, Danmark og Nederland var dei største marknadene for norske snøkrabbe.

Publisert: 05.05.2021 08:36

Sist oppdatert: 05.05.2021 08:38