NPK: Fiskeriminister Harald Tom Nesvik besøkjer bedrifter i Lofoten og deltar på verdsmeisterskapen i skreifiske i Svolvær 22. og 23. mars.
– Eg gler meg til å delta på den tradisjonsrike verdsmeisterskapen i skreifiske. Folk kjem frå alle verdshjørne, og dette er ein kjempegod reklame for Noreg som havnasjon og reiselivsdestinasjon, seier fiskeriminister Harald Tom Nesvik (Frp).
Fiskeriministeren har tidlegare skrive på Facebook at han ønskjer å bli invitert på jobb i sjømatnæringa for å lære meir. I VM-helga skal han få vere med Råfisklagets fagfolk på kvalitetskontroll av skreien.
Elles skal ministeren besøkje Ellingsen Seafood på Skrova saman med olje- og energiministeren. Ellingsen Seafood er eit familieeigd selskap som driv primært med oppdrett av laks, men har også lange tradisjonar innanfor produksjon av tørrfisk, saltfisk og kjøp og sal av kvalkjøt.
Fiskeriministeren skal også få prøve fiskelukka og får vere med på fisketur med fartøyet «Einar Erlend».

Publisert: 20.03.2019 13:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35